Tradisjonskultur denne veka — 26. oktober – 1. november 2026

Prosjekt Tradisjonskultur

TRADISJONSKULTURDENNE VEKA

26. oktober – 1. november 2026

27.10.TYS

Toraderøving kvar tysdag

kl. 18.00–21.00 · Sando barnehage

Hallingdal toraderlag øver kvar tysdag kl. 18.00–21.00 på Sando barnehage. For alle med litt erfaring — vi er behjelpelege med utlån av spel. Spørsmål: 905 53 748.

28.10.ONS

Hardingfeleundervisning på Nesbyen skule

kl. 14.15 · Nesbyen skule

Øyvind Brabant underviser i hardingfele kvar onsdag frå kl. 14.15 på Nesbyen skule. For alle frå 7 år. Mest individuell undervisning på 30 minutt, med samspel innimellom. Instrument kan lånast. Pris 700 kr per halvår. Undervisninga følgjer skuleåret. Påmelding og spørsmål: Øyvind Brabant, tlf. 915 88 759.

30.10.FRE

Folkedanskveld barn og unge — Nesbyen GRATIS

kl. 18.30–20.00 · Sollys

Folkedanskveld for born og unge — anten du er nybyrjar, har dansa litt eller har dansa mykje. Du lærer gammaldans, springar og laus, med levande musikk, dyktige instruktørar og kakepause. Tid 18.30–20.00, alder 4.–7. klassingar, gratis. Inga påmelding — berre å møte opp.

31.10.LAU

Trøll i ord: Er heime der du bur?

kl. 11.00 · Hemsedal bibliotek

Barneframsyning med Margit Myhr og Silje Risdal Liahagen. Kl. 11–12. Arr: Trøll i ord.

31.10.LAU

Superkappleik

kl. 12.00–14.30 · Kultursalen

Superkappleik for ungar frå 0 til 12 år i Kultursalen, kl. 12.00–14.30. Påmelding frå kl. 11. Ein leiken, uformell kappleik der alle kan vere med. Arr: Hemsedal spel- og dansarlag og Samhald UL, i samarbeid med Gol spel- og dansarlag.

1.11.SUN

Folkemusikkmesse – Helgemesser

kl. 11.00 · Torpo kyrkje

Torpo kyrkje kl. 11 og Ål kyrkje kl. 18. Arr: Ål kyrkjelege fellesråd.

Snart

  • måndag 2. november · Øving på Hugnadheim · Hugnadheim, Torpo · kl. 16.45
  • tysdag 3. november · Snøgg i Snundaen — dans for ungdom og vaksne · Hugnadheim, Torpo · kl. 19.30–21.00
  • onsdag 4. november · Hardingfeleundervisning på Nesbyen skule · Nesbyen skule · kl. 14.15
  • onsdag 4. november · Laustrening på Nes · Sollys · kl. 18.30
  • laurdag 7. november · Inger-Marie Lien Rust – folkesong · Kafé Tid · kl. 13.00
  • sundag 8. november · Lagskveld i Hagaled · Hagaled, Nesbyen · kl. 18.00
  • … og 1 til — sjå kalenderen
Full oversikt over alt som skjer med folkemusikk og folkedans i Hallingdal finn du i aktivitetskalenderen. Har laget ditt noko på gang? Send det til post@tradisjonskultur.no, så tek vi det med.
Del:FacebookXLinkedInE-post
Til toppen