Fredag 30. oktober er det Nesbyen sin tur. Då blir det folkedanskveld for born og unge på Sollys, kl. 18.30–20.00. Det er gratis, og det er berre å møte opp.
Folkedanskveld for born og unge på Sollys i Nesbyen fredag 30. oktober.
Gammaldans, springar og laus
Folkedanskveldane er for 4.–7. klassingar, anten du er nybyrjar, har dansa litt eller har dansa mykje. Du lærer gammaldans, springar og laus, med levande musikk, dyktige instruktørar og kakepause. Du treng ikkje ha med deg nokon eller kunne noko frå før.
Distriktsmusikar Kjetil Meberg Myhren spelar til dansen. Har du vore på skulebesøket med folkedans i haust, kjenner du kanskje igjen både musikken og nokre av dansane.
Tredje kvelden av fem
Folkedanskveldane går på rundgang mellom kommunane i Hallingdal, og du er velkommen på alle. Hemsedal og Ål har vore først ut. No står Nesbyen, Hol og Gol for tur. Merk at kvelden på Vonheim i Gol er flytt til fredag 4. desember.
- 4. sep.Kultursalen — HemsedalGJENNOMFØRT
- 25. sep.Sprang scene — ÅlGJENNOMFØRT
- 30. okt.Sollys — Nesbyen
- 13. nov.Bygdahallen, Hagafoss — Hol
- 4. des.Vonheim — Gol (flytt frå 11. desember)
Alle kveldane kl. 18.30–20.00. For 4.–7. klassingar. Gratis, og inga påmelding. Rundgangen held fram våren 2027, då òg Flå kjem med.
Vil du danse meir i Nesbyen?
Nes spel- og dansarlag har lausøving på Sollys onsdagar kl. 18.30 med Martin Myhr. Dei neste øvingane er 4. og 18. november. Alle frå 1. klasse og oppover er velkomne til å prøve.
Prosjekt Tradisjonskultur arbeider for at alle i Hallingdal skal få høve til å lære og oppleve folkemusikk og folkedans, uansett alder og kvar dei bur. Folkedanskveldane er eit samarbeid mellom dei seks kommunane og spel- og dansarlaga i Hallingdal.
A5, 1 side — fint å skrive ut, henge opp eller sende vidare
Alle arrangement finn du i aktivitetskalenderen.



