Tradisjonskultur denne veka — 7.–13. september 2026

Prosjekt Tradisjonskultur Hallingdal

TRADISJONSKULTURDENNE VEKA

7.–13. september 2026

7.9.MÅN

Øving på Hugnadheim

kl. 16.45 · Hugnadheim, Torpo

Fast måndagsøving i laus, pardans og kveding for born og unge. Første pulje frå 1. klasse kl. 16.45, eldre grupper utover kvelden.

8.9.TYS

Kurs i takkebakst

kl. 16.00–19.00 · Hemsedal Flatbrødbakeri

Lær å bake lefsekling og potetlefse på kurs i takkebakst. Kl. 16.00–19.00, pris kr 750. Påmelding til Hemsedal Husflidslag.

8.9.TYS

Toraderøving kvar tysdag

kl. 18.00–21.00 · Sando barnehage

Hallingdal toraderlag øver kvar tysdag kl. 18.00–21.00 på Sando barnehage. For alle med litt erfaring — vi er behjelpelege med utlån av spel. Spørsmål: 905 53 748.

8.9.TYS

Snøgg i Snundaen — dans for ungdom og vaksne

kl. 19.30–21.00 · Hugnadheim, Torpo

Levande musikk og steghjelp for den som ønskjer det — gammaldans og springar. Kr 50 per gong inkludert kaffi. Inga påmelding, berre å koma. Arr: Snøgg i Snundaen, Hugnadheim.

9.9.ONS

Laustrening på Nes

kl. 18.30 · Sollys

Open lausdans-trening på Sollys. Øv på halling og laus saman med andre, i eit avslappa miljø der alle som vil prøve er velkomne.

10.9.TOR

Open vevstue GRATIS

kl. 10.00–14.00 · Tuv skule

Open vevstue på Tuv skule. Kom og opplev veving, handverk og tradisjonshusflid.

11.9.FRE

Kurs i bygging av skigard GRATIS

kl. 10.00–16.00 · Hemsedal Bygdatun

Gratis kurs i bygging av skigard — tradisjonelle handverksteknikkar. Går over to dagar, 11. og 12. september. Påmelding: hallingdalmuseum@buskerudmuseet.no

12.9.LAU

Kurs i bygging av skigard (dag 2) GRATIS

kl. 10.00–16.00 · Hemsedal Bygdatun

Dag 2 av det gratis skigardkurset på Hemsedal Bygdatun. Påmelding: hallingdalmuseum@buskerudmuseet.no

12.9.LAU

Trøll i ord på Bygdatunet GRATIS

kl. 11.00–12.00 · Hemsedal Bygdatun

Høgtlesing av eventyr frå Hallingdal på Bygdatunet, kl. 11–12. Ei koseleg eventyrstund for heile familien. Arr: Trøll i ord.

12.9.LAU

Tors Brureferd og dansemoro GRATIS

kl. 12.00–17.00 · Hugnadheim

Ein dag med dans, song, spel og teater for ungdom 13–26 år, kl. 12–17 på Hugnadheim. Gjest: Tone Ingvaldsen frå Bodø. Kjetil Meberg Myhren spelar til dansen, og Margit Myhr tek ei songøkt. Du treng ingen forkunnskapar. Gratis, med servering — inga påmelding, berre møt opp.

12.9.LAU

Bråta-Per møter Kristi Vangji GRATIS

kl. 13.00 · Kafé Tid

Hallingdal Låtelag — solo og samspel.

13.9.SUN

Open dag på Bygdatunet GRATIS

kl. 11.00–15.00 · Hemsedal Bygdatun

Familiedag på Bygdatunet med aktivitetar, musikk og servering. Parker gjerne ved Ulsåk barnehage.

Elles i dalen

  • 7.–13. september · Ope Bygdatun i Hemsedalsviku — bygningar frå 1600-talet til 1876, ope heile veka · Hemsedal Bygdatun (meir info)
  • 7.–11. september · «Tilbake til Skinnfellgården» — utstilling om skinntrykk og mønster på skinnfellar · Foajeen, Hemsedal kultursal · kl. 09.00–15.00
  • t.o.m. 13. september · Hemsedalsviku 2026 — siste veka: opne bygdatun, vevstue, skinnfell-utstilling, skigardkurs og eventyrstund · Hemsedal (meir info)

Snart

  • tysdag 15. september · Toraderøving kvar tysdag · Sando barnehage · kl. 18.00–21.00
  • fredag 18. september · Dansefest på Fårefestivalen · Vonheim · kl. 20.00
  • laurdag 19. september · Munnharpekurs — Jan Beitohaugen Granli · Vonheim · kl. 10.00–16.00
  • laurdag 19. september · Konsert — Andrea Søgnen og Jan Beitohaugen Granli · Vonheim · kl. 20.00
  • laurdag 19. september · Dansefest på Vonheim · Vonheim · kl. 21.30–23.59
  • sundag 20. september · Folkemusikkmesse – Kaleidoscope band · Ål kyrkje · kl. 11.00
Full oversikt over alt som skjer med folkemusikk og folkedans i Hallingdal finn du i aktivitetskalenderen. Har laget ditt noko på gang? Send det til post@tradisjonskultur.no, så tek vi det med.
Del:FacebookXLinkedInE-post
Til toppen