Tradisjonskultur denne veka — 2.–8. november 2026

Prosjekt Tradisjonskultur

TRADISJONSKULTURDENNE VEKA

2.–8. november 2026

2.11.MÅN

Øving på Hugnadheim

kl. 16.45 · Hugnadheim, Torpo

Fast måndagsøving i laus, pardans og kveding for born og unge. Første pulje frå 1. klasse kl. 16.45, eldre grupper utover kvelden.

3.11.TYS

Snøgg i Snundaen — dans for ungdom og vaksne

kl. 19.30–21.00 · Hugnadheim, Torpo

Levande musikk og steghjelp for den som ønskjer det — gammaldans og springar. Kr 50 per gong inkludert kaffi. Inga påmelding, berre å koma. Arr: Snøgg i Snundaen, Hugnadheim.

4.11.ONS

Hardingfeleundervisning på Nesbyen skule

kl. 14.15 · Nesbyen skule

Øyvind Brabant underviser i hardingfele kvar onsdag frå kl. 14.15 på Nesbyen skule. For alle frå 7 år. Mest individuell undervisning på 30 minutt, med samspel innimellom. Instrument kan lånast. Pris 700 kr per halvår. Undervisninga følgjer skuleåret. Påmelding og spørsmål: Øyvind Brabant, tlf. 915 88 759.

4.11.ONS

Laustrening på Nes

kl. 18.30 · Sollys

Open lausdans-trening på Sollys. Øv på halling og laus saman med andre, i eit avslappa miljø der alle som vil prøve er velkomne.

7.11.LAU

Inger-Marie Lien Rust – folkesong GRATIS

kl. 13.00 · Kafé Tid

Inger-Marie Lien Rust — kveding.

8.11.SUN

Lagskveld i Hagaled

kl. 18.00 · Hagaled, Nesbyen

Musikk, skrønu, quiz og kan hende uventa innslag. Inngang 150 kr. Arr.: Nes spel- og dansarlag. Meir info: Sigrunn, 414 19 216.

8.11.SUN

Sundagsdans Gol GRATIS

kl. 19.30–21.00 · Vonheim

Sundagsdans på Vonheim, kl. 19.30–21.00. Levande tradisjonsmusikk, mest hallingspringar og reinlender, og noko instruksjon for dei som ønskjer det. Gratis inngang, inga påmelding. Kaffipause midt i kvelden. Spørsmål: 91 79 09 24 / 47 05 23 55.

Snart

  • tysdag 10. november · Toraderøving kvar tysdag · Sando barnehage · kl. 18.00–21.00
  • onsdag 11. november · Hardingfeleundervisning på Nesbyen skule · Nesbyen skule · kl. 14.15
  • fredag 13. november · Folkedanskveld barn og unge — Hol · Bygdahallen, Hagafoss · kl. 18.30–20.00
  • laurdag 14. november · Inspirasjonsdag på Hesla gård med Jostein Sørbøen · Hesla gård
Full oversikt over alt som skjer med folkemusikk og folkedans i Hallingdal finn du i aktivitetskalenderen. Har laget ditt noko på gang? Send det til post@tradisjonskultur.no, så tek vi det med.
Del:FacebookXLinkedInE-post
Til toppen