Status hausten 2026: 634 elevar, alle barnehagane og 143 aktivitetar

Nøkkeltal frå Prosjekt Tradisjonskultur hausten 2026: 634 elevar, 21 barnehagar, 143 aktivitetar, 19 arrangørar

634 elevar på 4.–7. trinn i alle ni skulane i Hallingdal får folkedans og hardingfele i haust. I fjor var talet 223. Det går fram av statusrapporten for hausten 2026, som no er send til alle seks kommunane i dalen.

634elevar på 4.–7. trinn, mot 223 året før
21barnehagar, om lag 580 born
143aktivitetar, 69 av dei hos lokallaga
19arrangørar i fellesannonsen

Skulane og barnehagane

Tilbodet i skulen er utvida frå 5. trinn til 4.–7. trinn i alle ni skulane i dalen. I haust har dei same skulane fått både folkedans og ein eigen hardingfeleturné, og alt er gratis for skulane. Alle 21 barnehagane i dei seks kommunane har fått to rundar med folkemusikkbesøk. Barnehagetilbodet held fram til 2029.

Laga gjer mesteparten

Av dei 143 aktivitetane i skuleåret skjer 69 hos lokallaga sjølve. Fjorten lag og organisasjonar er med i nettverket, med felles årshjul, felles kalender her på tradisjonskultur.no og fellesannonse i Hallingdølen. Folkedanskveldane går på rundgang mellom alle seks kommunane, opne og gratis.

Tradisjonskulturen i Hallingdal har levd vidare fordi enkeltpersonar tok vare på arven. Når eldsjelene sluttar, er det ofte ingen til å ta over.

Difor har kommunane gått inn som ein nøytral part som sikrar kontinuiteten, i lag med lokallaga.

Distriktsmusikaren

Distriktsmusikaren vart tilsett i heil stilling i august og er med på alle skule- og barnehagebesøka. Han speler på helsetuna, og kommunane og laga kan booke han utan kostnad i arbeidstida.

2027: frå barnehagen til og med ungdomsskulen

Til neste år skal tilbodet bli eit samanhengande løp, så dei som har møtt tradisjonen tidleg, tek han opp att på ungdomsskulen.

Barnehagetre rundar i året
1.–3. trinnnytt i 2027
4.–7. trinnfolkedans og hardingfele
Ungdomsskulenytt: springar i kroppsøvinga

Prosjektet vil òg femne breiare enn folkemusikk og folkedans, og prøver ut fire pilotar:

Dokumentasjonintervjufilmar med eldre spelemenn, kvedarar og dansarar
Dialekt og målarbeidsaman med mållaga i dalen
Mat, bunad og handverktradisjonsmat, lokale bunadvariantar og instrumentmaking
Nye møteplassarfolkemusikkpub og turiststopp med folkemusikk og folkedans

Forankra i heile dalen

Gol, Hol, Hemsedal, Flå og Nesbyen har signert intensjonsavtalar for 2027–2029, og Ål er vertskommune. Regionrådet for Hallingdal støttar søknaden til Regionalt kulturfond for 2027, og kultursjefane er referansegruppe for prosjektet og møter det to gonger i året. Planen for 2027 blir lagd fram for kommunalsjefane for oppvekst 20. november, med sikte på dei kommunale DKS-planane.

Ål kommune koordinerer den innleiande fasen av fylkessatsinga Tradisjonskultur i Buskerud. Så langt er 92 lag og miljø innan tradisjonskultur kartlagde i fylket, 33 av dei i Hallingdal.

⬇︎ Last ned heile statusrapporten (PDF)

A4, 4 sider — fint å skrive ut, henge opp eller sende vidare.

Støtta av

  • Ål kommune
  • Gol kommune
  • Hol kommune
  • Hemsedal kommune
  • Buskerud fylkeskommune
  • Dextra Musica og Sparebankstiftelsen DNB
  • Å-fondet
  • Norsk senter for folkemusikk og folkedans
  • Buskerud folkemusikklag
Del:FacebookXLinkedInE-post
Til toppen