Er du mellom 13 og 26 år? Hausten 2026 får du sjansen til å lære dans, song, spel og teater – og vere med å skape ei heilt ny sceneframsyning frå grunnen av.
Har du lyst til å prøve noko du aldri har gjort før, saman med andre ungdomar frå heile dalen? No startar vi opp prosjektet «Folkedans der vi bur», der du er med og skaper. Og her handlar det ikkje berre om dans: du lærer folkedans, folkesong og spel – og å stå på ei scene. Du treng ingen forkunnskapar. Er du nysgjerrig, så er du kvalifisert.
Ei forteljing med futt
Framsyninga heiter Tors Brureferd – skriven på halling i 2002 av torpingen Ove Bråten, og sett opp på Hugnadheim i 2003 – og byggjer på ei dramatisk norrøn soge: ein jotun stel hammaren til Tor og krev gudinna Frøya som brud for å gje han attende. Lurt som det er, kler Tor seg ut som brur for å narre jotnane … Resten får du oppleve – og vere med å forme sjølv.
Du får eigarskap
Dette blir ikkje ei ferdig framsyning du berre skal pugge. Du er med på å lage koreografi, tolke scener på nytt og setje ditt eige preg på det heile – saman med profesjonelle dansarar, musikarar og teaterfolk. Målet er stort: premiere under Folkemusikkveka på Ål, Sprang scene, 23.–30. mai 2027.
Gjest 12. september: Tone Ingvaldsen
Vi får besøk av Tone Ingvaldsen frå Bodø, ein av dei beste folkedansarane i landet. Ho dansar i det prislønte folkedanskompaniet Kartellet, i tillegg til andre sceniske oppsetjingar. Ho er ein ettertrakta pedagog — og ei humørfylt dame full av energi. Ho er med oss denne eine dagen, og vi gler oss til ho kjem!
Musikk og song
Til dansen spelar Kjetil Meberg Myhren — hardingfelespelemann i A-klassa og distriktsmusikar i Hallingdal. Margit Myhr tek ei songøkt med oss. Ho er kvedar og dansar, utdanna ved Ole Bull Akademiet, og har vunne Landskappleiken både i vokal folkemusikk og pardans. Martin Myhr er vertskap på vegne av Hugnad UL.
Slik startar det — laurdag 12. september, Hugnadheim (Torpo)
- 🎭 Laurdag 12. september kl. 12.00. Ein inspirasjonsdag med dans, litt song og mykje moro — saman med Tone Ingvaldsen, Kjetil Meberg Myhren og Margit Myhr.
- 12.00 start · 14.00 fruktpause · 16.00 middag · 16.30 avslutning med danseleik · 17.00 slutt.
- Det er heilt gratis, og det blir servering.
- Ta med ledige klede og sko du kan danse i.
- Du bind deg ikkje til noko: det er ikkje krav om å vere med på teateret, og teaterøvingane startar først i januar — meir informasjon kjem.
A4, 2 sider — fint å skrive ut, henge opp eller sende vidare til nokon som burde vere med.
Utvalt bilde – illustrasjon: Elmer Boyd Smith (1902), offentleg eige.
tradisjonskultur.no



