588 elevar dansa seg gjennom skulestarten — no startar folkedanskveldane

Born og unge dansar parvis i ein ungdomshussal medan ein spelemann speler hardingfele frå scena

På to veker har 588 elevar i seks kommunar fått prøve seg på folkedans i sin eigen gymsal. No held vi fram om kveldane — og den første går i Hemsedal i kveld.

Folkedanskveld i Hemsedal — born og unge lærer gammaldans, springar og laus med levande musikk. Foto: Line Sandvik

Sju dagar, åtte skular, 588 elevar

Frå 24. august til 4. september har instruktørane våre reist rundt i heile dalen med introduksjonskurs i folkedans for 4.–7. trinn. Geilo, Nordbygdene, Gol, Torpo, Nesbyen, Flå, Nedre-Ål og Hemsedal — åtte skular, 22 grupper og 588 elevar på sju turnédagar.

Opplegget er det same overalt: ein knapp skuletime der elevane får dansa til levande spel, med to instruktørar og ein spelemann i rommet. Ingen treng å kunne noko frå før. Hallingskarvet skule står att og får sitt besøk i november, når oppussinga der er ferdig.

Fem kveldar utover hausten

Skulebesøka er inngangen. Vil ein danse meir, held vi folkedanskveldar for born og unge på rundgang mellom kommunane — same opplegg, men med betre tid, kakepause og eit rom fullt av folk som har lyst til det same.

  • 4. sep.Kultursalen, kommunehuset — Hemsedal
  • 25. sep.Sprang scene, Ål — under Springarforum
  • 30. okt.Sollys — Nesbyen
  • 13. nov.Bygdahallen, Hagafoss — Hol
  • 11. des.Vonheim — Gol

Alle kveldane kl. 18.30–20.00. For 4.–7. klassingar — i Hemsedal 3.–7. Gratis, og inga påmelding: det er berre å møte opp. Du treng ikkje ha dansa før.

Du lærer gammaldans, springar og laus. Rundgangen held fram våren 2027, då òg Flå kjem med.

Ny distriktsmusikar spelar til

På både skulebesøka og folkedanskveldane er det Kjetil Meberg Myhren som spelar. Han tok til som distriktsmusikar i prosjektet i august, er A-klasse spelemann på hardingfele og studerer instrumentmaking på Rauland.

At det er ein profesjonell utøvar som speler, og ikkje eit anlegg, er ikkje ein detalj. Dansen og musikken høyrer saman — og det merkast i rommet når spelemannen sit der og følgjer dansarane.

Prosjekt Tradisjonskultur i Hallingdal arbeider for at alle i dalen skal få høve til å lære og oppleve folkemusikk og folkedans, uansett alder og kvar dei bur. Folkedans i skulen og helgeøvingar er eit samarbeid mellom dei seks kommunane og spel- og dansarlaga i Hallingdal.

Alle arrangement finn du i aktivitetskalenderen.

Del:FacebookXLinkedInE-post
Til toppen