Prosjekt Tradisjonskultur
TRADISJONSKULTURDENNE VEKA
19.–25. oktober 2026
Øving på Hugnadheim
Fast måndagsøving i laus, pardans og kveding for born og unge. Første pulje frå 1. klasse kl. 16.45, eldre grupper utover kvelden.
Toraderøving kvar tysdag
Hallingdal toraderlag øver kvar tysdag kl. 18.00–21.00 på Sando barnehage. For alle med litt erfaring — vi er behjelpelege med utlån av spel. Spørsmål: 905 53 748.
Snøgg i Snundaen — dans for ungdom og vaksne
Levande musikk og steghjelp for den som ønskjer det — gammaldans og springar. Kr 50 per gong inkludert kaffi. Inga påmelding, berre å koma. Arr: Snøgg i Snundaen, Hugnadheim.
Hardingfeleundervisning på Nesbyen skule
Øyvind Brabant underviser i hardingfele kvar onsdag frå kl. 14.15 på Nesbyen skule. For alle frå 7 år. Mest individuell undervisning på 30 minutt, med samspel innimellom. Instrument kan lånast. Pris 700 kr per halvår. Undervisninga følgjer skuleåret. Påmelding og spørsmål: Øyvind Brabant, tlf. 915 88 759.
Laustrening på Nes
Open lausdans-trening på Sollys. Øv på halling og laus saman med andre, i eit avslappa miljø der alle som vil prøve er velkomne.
Snart
- tysdag 27. oktober · Toraderøving kvar tysdag · Sando barnehage · kl. 18.00–21.00
- onsdag 28. oktober · Hardingfeleundervisning på Nesbyen skule · Nesbyen skule · kl. 14.15
- fredag 30. oktober · Folkedanskveld barn og unge — Nesbyen · Sollys · kl. 18.30–20.00
- laurdag 31. oktober · Trøll i ord: Er heime der du bur? · Hemsedal bibliotek · kl. 11.00
- laurdag 31. oktober · Superkappleik · Kultursalen · kl. 12.00–14.30
- sundag 1. november · Folkemusikkmesse – Helgemesser · Torpo kyrkje · kl. 11.00


