Prosjekt Tradisjonskultur Hallingdal
TRADISJONSKULTURDENNE VEKA
21.–27. september 2026
Øving på Hugnadheim
Fast måndagsøving i laus, pardans og kveding for born og unge. Første pulje frå 1. klasse kl. 16.45, eldre grupper utover kvelden.
Toraderøving kvar tysdag
Hallingdal toraderlag øver kvar tysdag kl. 18.00–21.00 på Sando barnehage. For alle med litt erfaring — vi er behjelpelege med utlån av spel. Spørsmål: 905 53 748.
Snøgg i Snundaen — dans for ungdom og vaksne
Levande musikk og steghjelp for den som ønskjer det — gammaldans og springar. Kr 50 per gong inkludert kaffi. Inga påmelding, berre å koma. Arr: Snøgg i Snundaen, Hugnadheim.
Laustrening på Nes
Open lausdans-trening på Sollys. Øv på halling og laus saman med andre, i eit avslappa miljø der alle som vil prøve er velkomne.
Folkedanskveld barn og unge — Ål GRATIS
Folkedanskveld for born og unge — anten du er nybyrjar, har dansa litt eller har dansa mykje. Du lærer gammaldans, springar og laus, med levande musikk, dyktige instruktørar og kakepause. Tid 18.30–20.00, alder 4.–7. klassingar, gratis. Inga påmelding — berre å møte opp.
Dansekonsert med Hallingdal Toraderlag og Hallingdal Låtelag
Dansekonsert med Hallingdal Toraderlag og Hallingdal Låtelag på Sprang scene, fredag 25. september.
SideSprang (folkemusikklubb)
Ny utgåve av folkemusikk-klubben SideSprang. Me byr på hardingfeleoverdose frå Nordhordaland, Valdres og Hallingdal, med stjerneskota Hannah Moira Midtbø-Bruner, Syver Rolandsgard Hauge og Kjetil Meberg Myhren, etterfølgd av open mikrofon og jam ut i dei seine nattetimar.
Elles i dalen
- 25.–27. september · Springarforum — utforskande forum om samspelet i pardans, med utgangspunkt i hallingspringar. Kursavgift 600 kr, påmelding til sprang@aal.kommune.no innan måndag 21. september · Sprang scene, Ål kulturhus (meir info)
Snart
- tysdag 29. september · Toraderøving kvar tysdag · Sando barnehage · kl. 18.00–21.00
- laurdag 3. oktober · Minikonsert med Kjetil Meberg Myhren · Perleporten café, Geilo · kl. 13.00
- sundag 4. oktober · Sundagsdans Gol · Vonheim · kl. 19.30–21.00


