Prosjekt Tradisjonskultur
TRADISJONSKULTURDENNE VEKA
16.–22. november 2026
Øving på Hugnadheim
Fast måndagsøving i laus, pardans og kveding for born og unge. Første pulje frå 1. klasse kl. 16.45, eldre grupper utover kvelden.
Toraderøving kvar tysdag
Hallingdal toraderlag øver kvar tysdag kl. 18.00–21.00 på Sando barnehage. For alle med litt erfaring — vi er behjelpelege med utlån av spel. Spørsmål: 905 53 748.
Snøgg i Snundaen — dans for ungdom og vaksne
Levande musikk og steghjelp for den som ønskjer det — gammaldans og springar. Kr 50 per gong inkludert kaffi. Inga påmelding, berre å koma. Arr: Snøgg i Snundaen, Hugnadheim.
Hardingfeleundervisning på Nesbyen skule
Øyvind Brabant underviser i hardingfele kvar onsdag frå kl. 14.15 på Nesbyen skule. For alle frå 7 år. Mest individuell undervisning på 30 minutt, med samspel innimellom. Instrument kan lånast. Pris 700 kr per halvår. Undervisninga følgjer skuleåret. Påmelding og spørsmål: Øyvind Brabant, tlf. 915 88 759.
Laustrening på Nes
Open lausdans-trening på Sollys. Øv på halling og laus saman med andre, i eit avslappa miljø der alle som vil prøve er velkomne.
Kviss og pub på Hugnadheim GRATIS
Kviss og pub på Hugnadheim, kl. 19.00–24.00. Gratis inngang. Arr: Hugnad UL.
Folkelarm: Rekrutteringsseminar del 1 — Inspirasjonsseminar GRATIS
Klubbscenen. Prosjekt Tradisjonskultur legg fram den regionale satsinga i Hallingdal. Gratis, med kaffi, te og lunsj. Del 2 — Lokale fagplanar — same stad kl. 12.00. Les om heile seminarprogrammet.
Finsk-ugrisk songsirkel / Soome-ugri lauluring
Kom og syng skogfinske, kvenske, estiske og andre finsk-ugriske folkesongar med Marion Selgall. Alle er velkomne — du treng ingen forkunnskapar. Inngang 100 kroner, kaffi og kake inkludert.
Snart
- tysdag 24. november · Toraderøving kvar tysdag · Sando barnehage · kl. 18.00–21.00
- onsdag 25. november · Hardingfeleundervisning på Nesbyen skule · Nesbyen skule · kl. 14.15
- fredag 27. november · Fredagsdans på Sorenskrivargarden · Sorenskrivargarden, Nesbyen · kl. 18.30


