Andrea Søgnen skal leie Landsfestivalen i gammaldans i Ål i 2028

Portrett av Andrea Søgnen, folkemusikar og leiar for Landsfestivalen i gammaldans i Ål 2028

Foto: Ole Johs. Brye

Gledeleg nytt for folkemusikk- og folkedans-Hallingdal: Andrea Søgnen har sagt ja til å bli leiar for hovudnemnda i Landsfestivalen i gammaldans, som Ål spel- og dansarlag skal arrangere på Ål i 2028.

For oss i prosjekt Tradisjonskultur er dette ekstra stas. Andrea var koordinator for folkemusikk- og folkedansarbeidet i Hallingdal fram til våren 2026 – altså forgjengaren vår i koordinatorrolla – og ho set framleis tydelege spor etter seg i miljøet. I dag er ho i eit vikariat som dagleg leiar for Folkemusikkveka.

Styret i Ål spel- og dansarlag er svært glade for at ho takka ja. Styreleiar Jo Asgeir Lie trekkjer fram både den administrative kompetansen hennar og at ho er ein av dei fremste langeleik-utøvarane i landet, med djup kjennskap til folkemusikk- og folkedansmiljøet.

Landsfestivalen i gammaldans går av stabelen 2.–6. august 2028, og Ål spel- og dansarlag førebur seg alt på eit skikkeleg storinnrykk til Hallingdal. Interessa for gammaldansen aukar – i Vågå i år vart det sett deltakarrekord.

Med Andrea Søgnen som leiar gler vi oss til å ynskje deltakarar og publikum velkomne til Ål i 2028.Jo Asgeir Lie, styreleiar i Ål spel- og dansarlag

At ein landsfestival kjem til Ål, passar godt med målet vårt om å styrkje og synleggjere den levande folkemusikk- og folkedanstradisjonen i Hallingdal. Vi gratulerer Andrea – og gler oss til 2028!

Saka byggjer på pressemelding frå Ål spel- og dansarlag (kjelde: folkemusikk.no).

Del:FacebookXLinkedInE-post
Til toppen