Lastar Hendingar

« Alle Hendingar

  • Dette arrangementet er ferdig.

SideSprang (folkemusikklubb) – Sprang scene

26. september @ 20:00 - 23:59
Logo for prosjekt Tradisjonskultur i Hallingdal, med folkedanspar og hardingfele

Ny utgåve av folkemusikk-klubben SideSprang. Me byr på hardingfeleoverdose frå Nordhordaland, Valdres og Hallingdal, med stjerneskota Hannah Moira Midtbø-Bruner, Syver Rolandsgard Hauge og Kjetil Meberg Myhren, etterfølgd av open mikrofon og jam ut i dei seine nattetimar.

Før konserten blir det lynkurs i bygdedansar frå Vestlandet – vestlandsspringar og rull, inkludert gommokaku! Instruktørane blir verande på dansegolvet heile kvelden, og tek gjerne ein dans eller fem med alle som vil finpusse steg og turar.

20.00 Dørene opnar
20.30 Lynkurs
ca. 21.30 Konsertstart

I samarbeid med Ål spel- og dansarlag, som del av FolkOrg sitt prosjekt «Dansen som sosial møteplass». Barne- og ungdomspris opp til 25 år er støtta av Buskerud fylkeskommune si ordning Ung deltaking.

Del:FacebookXE-post

Detaljar

  • Dato 26. september
  • Tid:
    20:00 - 23:59
  • Kategori:

Arrangør

  • Sprang scene
  • E-post rannveig.oygardslia@aal.kommune.no

Stad